Your Site Title
Tegning_KatrinBerge-web.jpg

Katrin Berge Menneske og dyra (19.01–05.02.2017)

Katrin Berge – Menneske og dyra
19. januar–5. februar 2017

Tegning_KatrinBerge.jpg

I utstillinga «Menneske og dyra» har illustratør og kunstnar Katrin Berge visualisert betraktningane sine rundt samspelet mellom menneske og dyr gjennom detaljerte og nitide blyantteikningar.

Bak motiva ligg tankar og refleksjonar rundt mennesket sitt forhold til dyra det deler naturen med, dyr som i stor grad er prisgitte våre motiv og handlingar. Katrin hadde i utstillinga lagt vekt på kontrasten mellom det vakre og behagelege på den eine sida og det mørke og urovekkande på den andre.

Vidare var dynamikken mellom det direkte og realistiske og det fabulerande og fantasifulle, heilt sentral i Katrin sine illustrasjonar. Skogen fungerer som bakteppe for ulike scenario og har vore ei stor inspirasjonskjelde for illustratøren.

folie_katrinberge.jpg

Katrin presenterte med utstillinga ein eigen symbiose som problematiserer og reiser sentrale spørsmål rundt korleis vi stiller oss til alt det levande vi omgir oss med – til ettertanke og inspirasjon for refleksjon rundt vår eigen eksistens og vår felles framtid.